Om Ana
Hei, eg heiter Ana, og ønsker å bruke noko av fritida på å hjelpe andre med hundelufting og dyrepass :) Eg holder hovudsakelig til i Førde, men eg er open for forespørslar fra Sande/Bygstad/Viksdalen og Naustdal området. Som student er eg fleksibel på tidspunkt.
I tillegg til lufting av hund, kan eg passe kattar når du er på ferie f.eks, eller om katten berre treng litt ekstra tilsyn og kos i ein overgangsfase eller liknande. Pass av hund kan også vere aktuelt, dersom hunden din går godt overens med andre hundar, da det er ein finsk lapphund i husholdningen :)
Er det andre dyr du skulle hatt pass til, som kanin, hamster etc, er det også berre å ta kontakt! :)
Turar blir tilpassa hunden sitt aktivitetsnivå, og eg kan tilby både korte eller lengre turar i skogen, og lengre turar på fjellet dersom hunden er vandt med å sitte i bil. Eg har bilbelte til middels stor hund, da eg dessverre ikkje har plass i bagasjerommet til hundebur.
Eg har hatt hund og katt gjennom heile oppveksten på gård, og er altså godt vandt med dyr :) Eg har mest erfaring med mellomstore hundar da vi sjølv hadde Shetland sheepdog I oppveksten, og eg har ofte passa svigers sin finsk lapphund.
Kattar har eg hatt heile livet, og eg har også vore fosterheim for kattar fra dyrebeskyttelsen :)