Om Ana
Hei, eg heiter Ana, og ønsker å bruke noko av fritida på å hjelpe andre med hundelufting. Som student er eg fleksibel på tidspunkt.
Turar blir tilpassa hunden sitt aktivitetsnivå, og eg kan tilby både korte eller lengre turar, fjelltur eller joggetur om hunden likar dette. Ved enighet/ønske fra eiger kan hunden også bli med på fjellturar som krever køyring til staden. Eg har bilbelte til middels stor hund i så tilfelle, da eg dessverre ikkje har plass i bagasjerommet til hundebur.
Eg har hatt hund og katt gjennom heile oppveksten på gård, og er godt vandt med dyr :) Eg har mest erfaring med mellomstore hundar da vi sjølv hadde Shetland sheepdog I oppveksten, og eg har ofte passa svigers sin finsk lapphund.
Kattar har eg hatt heile livet, og eg har også vore fosterheim for kattar fra dyrebeskyttelsen :)
I tillegg til lufting av hund, kan eg gjerne passe kattar når du er på ferie f.eks, eller om katten berre treng litt ekstra tilsyn og kos i ein overgangsfase eller liknande.
Er det andre dyr du skulle hatt pass til, som kanin, hamster etc, er det også berre å ta kontakt! :)
Ta gjerne kontakt om du har spørsmål!